Valdag med varierande ver.
Kommune -og fylkestingsvalet i Norge er i gong. Veret er varierande over heile landet, men frammøtet ser likevel til å vere brukbart.
I Stranda kommune opna vallokala klokka 09.00 ved tre av dei fire røystestadane.
På Stranda i Storfjord kulturhus var valet i gong mellom klokka 09.0 til 20.00,
i Hellesylt på Sunnylven samfunnshus var det ope mellom klokka 09.00 og 18.00,
og i Geiranger på Geiranger skule frå klokka 09.00 til 16.00.
I liabygda og Trollstova var det ope mellom klokka 12.00 – 18.00.
På Hellesylt var røystestyret på plass i god tid før klokka 09.00. Der møtte vi Stig Tryggestad, Ann Kristin Langeland, Rolv Arne Ljøen og Wenche Høgalmen Ringdal. Seinare, rundt klokka 14.00 skulle eit par nye møte.
Sjølv om veret var litt ruskete med regnbyger, kunne dei fire i røystelokalet på Sunnylven samfunnshus melde om godt frammøte alt den fyrste timen.
På same dag og i nyesalen på samfunnshuset var det også høve til å røyste inn det nye soknerådet i Sunnylven. Der møtte vi Wenche Solli og Solveig Førde, dei hadde kontroll over valet der.
Etter at valet var slutt klokka 18.00 har vi fått opplyst at frammøtet i Hellesylt krins (Sunnylven) var på 76.82 %, inklusiv førehandsrøyster.