Vil ha cruisebåtar til kai på Hellesylt etter 2026
Hellesylt Næringslag fryktar at cruisebåttrafikken til Hellesylt kan bli utestengt grunna verdsarvgrensa i fjorden. Laget er positiv til nullutslepp, men på like vilkår for alle.
Hellesylt Næringslag har sendt skriv til Sjøfartsdirektoratert der dei viser til at Hellesylt kan verte utestengt frå cruisebåtbesøk frå 2026 på grunn av den føreslegne verdsarvgrensa i fjorden.
I dag er det bussturistar frå andre distrikt og hamner som reise gjennom Hellesylt. Det kan halde fram også i framtida om det blir nytte mindre båtar og ferje på fjorden, noko laget ser på som urimeleg.
-Dette medfører auka trafikk på dårlege fylkesvegar og legg press på ferjetrafikken, skriv laget i brev dei har sendt til Sjøfartsdirektoratet, og legg til;
-Skulle Hellesylt verte utestengt grunna verdsarvgrensa vil dette i praksis innebere endå meir busstrafikk.
Vi oppfattar dette som konkurransevridning der vi blir teken vekk frå ein marknad vi har hatt sidan slutten av 1800-talet.
I skrivet til Sjøfartsdirektoratet blir det vidare vist til at det no er under bygging ein hydrogenfabrikk på Hellesylt. Energi der i frå kan vere eit alternativ for drivstoff og transportløysing for mindre passasjerfartøy, eit prosjekt som Staten har støtta med betydelege middlar.
-Det vil framstå som merkeleg dersom ein no vert utestengt frå marknaden.
Skulle det likevel skje krev Hellesylt Næringslag at Staten dekkjer det inntektstapet dei lokalt næringsdrivande blir påført.
Minimumskravet må vere at det vert opna for at skip kan gå til Hellesylt og at ein då kan frakte passasjerar med nullutslepps fartøy til og frå Geiranger, skriv Hellesylt Næringslag i brev til Sjøfartsdirektoratet, underteikna av leiar Stig Tryggestad og nestleiar Ole Arnstein Ringdal.