Lokalnytt

Allehelgen i Sunnylven kyrkje

Søndag 5. november er det gudsteneste i Sunnylven kyrkje klokka 20.00.

Søndag 5. november er det Allehelgensgudstjeneste i Sunnylven kyrkje kl. 20:00. På denne samlinga blir det både ord og tonar, og rom for sorg, sakn og håp.

– Mange menneske ber på sorg, det kan vere ei fersk sorg, eller sorg som ligg frå år tilbake. Vi vil også gjennom lystenning minnast dei i kyrkjelyden vår som har gått bort siste året, seier sokneprest Ann Kristin Langeland og legg til;

– I møte med sorg kan det vere godt å få lytte til musikk eller ord som set ord på det vi ikkje klarer å setje ord på sjølve. Det kan vere fint å få tenne eit lys, be ei bøn og kjenne varmen frå fellesskapet.

I Sunnylven kyrkje søndag deltek fleire. Kantor Gunnar Inge Eide, songsolist Kristin Storstein og fiolinist Øyvind Robak har sett saman eit vakkert musikalsk program. Inghild Storstein les dikt og Ann Kristin Langeland er liturg.

Velkomen til Sunnylven kyrkje søndag 5. november kl. 20.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380