Årsbeste i siste kamp
Sunnylven sitt gutelag i klasse 14 år reiste til Eidså for å møte topplaget Vanylven. Der vart det siger og topplassering på tabellen.
Av Eivind Louis Helset
Før kampen stod vertane med ni poeng og full pott etter tre serierundar. Med komfortable 23 plussmål og eit sterkt lag på papiret var det vertane som nok var favorittar. Likevel skal kampen spelast til dommaren bles for full tid.
Heimelaget Vanylven ønska nok sterkt å vinne kampen og bli puljevinnar. Allereie etter nokre få minutt vart håpet tent då gjestane frå Indre fjordstrøk laga straffe. Ballen låg klar på straffemerket og heimepublikum gjorde seg klare til å juble. På motsett side stod trenar for Sunnylven og skjønte ikkje heilt kva det var dømt straffespark for. Når ballen like etter streifa utsida av stolpen var det kanskje skjebnen som greip inn.
Corner er mål
Sunnylven sitt mannskap som no har hatt ein heil sesong på å bli kjente med kvarandre såg ut til å ta vare på denne gåvepakninga. Spelet sat bedre og laget starta å produsere målsjansar. Oftare og oftare var ballen på heimelaget sin banehalvdel. Etter 11 minutt var det klart for den fyrste corneren. Den vart klarert av heimelaget til innkast nede ved cornerflagget. Eit langt innkast enda til slutt i Fredrik sine føter som kontant sette ballen bak vertane sin keeper. Sunnylven kunne juble for leiing 1-0.
Etter 20. minutt var det balanse i målprotokollen då Sunnylven ikkje heilt klarte å avklare og skotet frå 12 meter lurte seg inn heilt nede ved stolperota.
Det såg lenge ut til at laga skulle gå til pause med kvart sitt mål.
Kort bane
To minutt før pause var det likevel plass til meir jubel for gjestane. Sunnylven har fleire spelarar som kan skyte frå langt hald. Oskar er ein av dei. Det viste han med å vinne ballen nokre meter frå midtstreken før han gjekk nokre meter og nesten frå midten sendte avgarde ei kule som gjekk inn lavt i heimelaget sitt mål. Dermed stod det 2-1 til gjestane som også var pauseresultat.
Kort leiing
Det gjekk berre eit lite minutt etter pause før det igjen var uavgjort. Ein bra prestasjon frå vertane sin nummer 5 fekk gå utan press og skaut lavt i lengste hjørne. Laga var då like langt igjen.
Kampen stod lenge og bikka der begge lag kom til fleire sjansar. Nokre veldig store og fleire mindre store. Men etterkvart skulle det kome fleire mål som førte til siger til eit av laga.
Innøvd frispark
Uavgjort stod seg eit kvarter før gjestane bestemte seg for at no var det nok. På venstresida dribla Oskar to-tre forsvarar før han la inn til ein umarkert Sander på bakerste. Den fyrste avslutninga frå han gjekk på keeper som måtte gi retur. Kaldt sette han returen i mål og Sunnylven leia for tredje gang i kampen.
Berre tre minutt seinare fekk Sunnylven frispark på 11 meter. I løpet av dei to siste sesongane har laget hatt fire frispark dei har sett i mål på lik måte. Løyndommen bak det innøvde frisparket vil trenaren ikkje røpe, men dei som har sett frisparket veit korleis det er. Kristen plasserte frisparket utakbart for keeper oppe i det venstre krysset. Då hadde Sunnylven dobbelt so mange mål som heimelaget.
Nye tre minutt
Det siste målet i kampen kom i det 57. speleminuttet. Sunnylven fekk frispark like ved midtstreken. Heller enn å skyte sentra Oskar til Trym som igjen sentra til Oskar. Med nok eit langskot i mål var det punktum for kampen.
Til topps
Med ein sterk bortesiger klatra Sunnylven IL sitt G14 lag til topps på tabellen. Dei andre laga har nokre kampar igjen så serien er ikkje avgjort ennå.
Dette var året siste seriekamp for laget. No skal laget trene vidare til Førde cup som går føre seg innandørs i Førde 10. – 12. november.
Sunnylven sitt lag; Elias, Trym, Oskar, Ari, Fredrik, Sander, Kai Adam, Jakob og Kristen