Ei feststund på Eldredagen
Søndag markerte Sunnylven pensjonistlag Den internasjonale eldredagen med ei samkome på Kyrkjelydshuset. Det vart på alle måtar ei feststund med ein velsmakande fårikålmiddag, og deretter ein time med strålande underhaldning av «Banjo-Kari».
Av Lars Fivelstad.
Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland, ønskte dei vel 60 i salen vel møtt, og mintest så, med tende ljos og eitt minutt stille, tre av medlemmane i laget som var gått bort sidan sist møte.
Så kom velsmakande fårikål, riskrem og kaffi på borda.
Etter ei utlodding med imponerande mange gevinstar, tok Astrid Langeland ordet, og introduserte den eigentlege «hovudretten», som ho sa, Kari Svendsen, kanskje mest kjend som «Banjo-Kari».
Ho har ei karriere gjennom meir enn 50 år både som visesongar, gitarist og banjospelar og er også kjend for å halde gamle norske revyviser i hevd.
Det fekk vi høyre mellom anna i visa «Marsjkonkurransen», med eit bakteppe frå dei harde 1930-åra.
Så kom kjende songar som Akerselva, Fjellsangen, Pengegaloppen, Brunkebekken og nokre av Alf Prøysen og Lillebjørn Nilsen sine viser, og ikkje minst den vakre «Eg hadde tenkt» av Rudolf Nilsen. Som vanleg avslutta ho med «Frøken Johansen og jeg.», før eit ekstranummer.
Kari Svendsen er ein uvanleg dyktig formidllar, og med stor innleving og glede skapte ho god stemning. Dei fleste songane akkompagnerte ho med eminent banjospel.
Songane og visene var og kjende og kalla fram gode minne, og folk song ofte med i refrenga.
Som takk frå pensjonistlaget, fekk «Banjo-Kari» mellom anna spekepølser frå ein lokal produsent.