J13 avslutta med siger.
Det vart meget spennende når J-13 avslutta sesongen borte mot Vanylven søndag 29. oktober.
Vanylven opna best og tok leiinga 2-0 før Siril reduserte. Nok eit mål til heimelaget gjorde at dei dermed kunne gå til pause med 3-1 leiing. Sunnylven måtte vinne kampen i Vanylvshallen for å sikre seg 3. plassen på tabellen, så det var viktig at dei slo tilbake. Og i andre omgang vakna laget. I løpet av eit kvarter scora Ingeborg 4 mål og førte laget opp i leiing 5-3. Vanylven pressa på for å få med seg poeng, men det vart med ei redusering og dermed sluttresultat 5-4 til Sunnylven. Ei fin avslutning på sesongen.
Seriespelet er over for i år, men laget skal vere med i Førde-cup 10.-12. november.