Lokalnytt

Lærerikt møte om brannhindrande tiltak

Møteleiar i Sunnylven sanitetslag, Ruth Hole Aaland sløkkjer brannen med pulverapparat. Til venstre brannmeister Inge Teigen og med flammekastar byggmeister Oddbjørn Nilsen.

Onsdag denne veka arrangerte Sunnylven sanitetslag ope møte med Stranda brannvesen til stades der brannvern og tiltak mot branntryggleik var tema.

Det vart både god og brannsløkking under medlemsmøtet til Sunnylven sanitetslag. Etter ein liten time med informasjon frå brannsjef Inge Teigen og Oddbjørn Nilsen fekk alle sjå og prøve kor effektivt eit brannsløkkeutstyr er om ein har det og brukar det rett. Ute ved kyrkjelydshuset vart eit fat med brannveske tent på og sløkt med skum frå brannsløkkingsapparat.

Møtet som Sunnylven sanitetslag kalla inn til på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag var lærerikt. På møtet var både brannsjef Inge Teigen og Oddbjørn Nilsen til stades for å informere og gje god råd om hindrande tiltak i tilfelle brann i heimen.

Alle kan gjere mykje for å trygge seg mot brann, eksempelvis med røykvarslarar som blinkar og vibrerer, sa dei to.
I heimen kan tørrkoking på komfyr lett føre til katastrofe, og ladding av telefon og nettbrett og små feil på elektrisk utstyr kan også fort føre til brann, sa Teigen.
Han anbefalte minst ein røykvarslar i kvar etasje, men det kan vere for lite. I alle fall må det vere sløkkeutstyr lett tilgjengeleg, som både små og store pulverapparat. No finnst det fleire typer ein kan ha i hus, både 6 kg. og mindre lette 2 kg. Han anbefale også at det var monterte brannslange, eit svært godt alternativ om brann skulle oppstå.

Inge Teigen t.v. og Oddbjørn Nilsen under møtet i Sunnylven sanitetslag

Skulle stova stå i full fyr var det berre å kome seg ut fortast mogleg, sa dei to frå Stranda brannvesen. Og brann i bolighus er det som oftast oppstår så difor var det viktig å snakke om det. Så når eldre og pleietrengande skal bu heime i eige hus må ein ta hensyn og tenkje på branntryggleik med både røykvarslarar , brannslange og anne sikringsutstyr, var rådet frå Teigen og Nilsen.
Oddbjørn Nilsen minte også om at 1. desember er røykvarslarens dag så då må alle skifte til nye batteri, sa han.

Dei to frå Stranda brannvern viste fram fleire tryggingsapparat mot brann, som komfyrvakt, røykvarslarar, og fleire typer pulverapparat.
Dei snakka også om røminsvegar i tilfelle brann. Brannstigar er bra, men ein må passe på når ein målar huset å ikkje måle den fast, sa Inge Teigen. Heller ikkje anbefalte han å lade mobiltelefonen om natta, eller setje på vaskemasikna og tørketrommelen utan å ha tilsyn.

Til slutt på møtet var det musikalske innslag unge skuleelevar frå Sunnylven. Ane Brenne Ringdal spela på pianoet i kyrkjelydshuset, og Kristen Brenne Ringdal hadde med gitaren og framførte to songar. Begge hausta stor applaus fråd ei frammøtte.

Arrangør Sunnylven sanitetslag serverte kveldsmat til alle dei frammøte til slutt.

Kristen Brenne Ringdal underheldt med song på medlemsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380