Lagar triveleg møteplass i Sunnylven samfunnshus.
I Sunnylven samfunnshus har eit 30 kvadratmeter stort rom blitt pussa opp for ungdom. Her blir det spel og andre aktivitetar, og ein triveleg møteplass med godt prat.
Det er Hellesylt Ungdomslag som står bak oppussinga av det som tidlegare var garderobe i tilknying til Sunnylven samfunnshus. Her har veggane fått ljose fargar og det er kome inn både spel og møblar, -og meir vil kome, seier leiar i styret for Sunnylven samfunnshus, Eivind Louis Helset.
Han er glad for at rommet blir sett i stand i likheit med resten av samfunnshuset som no er ferdig restaurert.
-Her er ein stad der ikkje noko er organisert, men der ungdom kan sete å prate, rett og slett berre ein møteplass. Rommet blir ope ein kveld i veka og her vil det kome mykje kjekt som ungdom kan styre med, som ulike brettspel, der blir kortstokkar, popkornmaskin og mykje meir, fortel Einvind Louis Helset.
Midt på golvet står eit stort spelebord, og langs veggane er det montert mange kontakter for tilkopling av både mobiltelefonar og elektriske spel så her er moglegheiter for mykje.
Det er også kome midlar frå Bufdir til inventar i rommet, og dei tek gjerne i mot inventar frå foreldre om nokon har noko å avsjå, mellom anna teppe på golvet, seier Helset.
Rommet på vel 30 kvadratmeter er førebels namnlaust, men namn vil Helset at ungdomen sjølve skal finne på, foreslå noko som høver og som dei likar.
Han fortel at opning av det nye aktivitetsrommet for ungdom skjer tysdag 10. oktober i veke 41 når skulen har haustferie. På torsdag same veke blir det også ope mellom kl. 16.00 til kl. 22.00. Seinare blir der ope berre ein kveld kvar veka, frå kl. 18.00 til 21.00.
Til stades på opningsdagar blir det alltid ein vaksen person frå samfunnshuset til stades, men Helset håper at også foreldre vil melde seg til teneste for å passe på at alt går bra når rommet er ope.
-Ungdomen sjølve er ein del av dei som kan skape aktivitet, så vil du at dei skal halde fram med det er staden her rette møteplassen, seier Eivind Louis Helset.