Nær siger i toppkamp
Sunnylven G14 leverte ein god kamp mot topplaget Larsnes på Hellesylt stadion tysdag. Det kunne blitt heimsiger, men like før slutt utlikna gjestane til 5-5 og poengdeling.
Toppkampen i G14 vart eit målrikt oppgjør på Hellesylt stadion der heimelaget Sunnylven gav Larsnes kamp frå fyrste minutt på ein litt våt og kjøleg tysdagskveld.
Alt etter få minutt vart det kaos og mølje i Larsnes-forsvaret, noko som enda med sjølvmål og 1-0 leiing til Sunnylven.
Men gjestane kom igjen og like etter donka dei inn utlikninga.
Og det vart fleire mål i fyrste omgang både til Sunnylven og til Larsnes slik at stillinga ved pause var 4-2 til heimelaget.
Oskar Ringdal sette inn heimelaget sine to og Ari Kjellstadli eitt i fyrste omgang.
Andre omgang vart like tøff og spanande som fyrste. Og i denne omgangen var det Larsnes som laga nettsus, fyrst med to skåringar.
Sunnylven hadde også store sjansar i denne omgangen, men måtte nøye seg med eitt mål og ny leiing 5-4, også det donka i mål av Oskar Ringdal.
Like før slutt kom så utlikninga til Larsnes og dermed poengdeling.
Det vart ein spanande kamp i to gonger 35 minutt. Vi vart imponert over innsats og spel til Sunnylven nok ein gong. Laget har få spelarar å velge mellom med fleire som er berre 11 og 12 år enno. Men innsatsen var som resten av laget imponerte, og då vart det eit godt resultat for Sunnylven G14 nok ein gong.
Tabellen viser at Larsnes og Sunnylven ligg på andre og tredje plass og har begge 7 poeng på fire kampar. Vanylven leiar avdelinga.