Lokalnytt

Ny siger til J10-laget

Dei to laga helsar på kvarandre før kampen på Sæbø stadion.

På onsdag 25. oktober spela J10-laget årets siste kamp borte mot Sæbø der alle fekk mykje speletid. Det enda med nok ein siger.

Frå ein god og nøgd trenar har vi fått denne meldinga frå kampen;

-Årets siste kamp vart spelt onsdag 25. mot Sæbø.

I kaldt og fint vær kjørte vi bytte kvart 5 min, 3 i slengen slik ingen vart kalde, og rullerte mykje på kven som spelte kvar på bana også.

Vi spelte fin fotball og var flinke å finne både rom og mål og gjekk dermed sigrande ut av kampen med god margin, skriv trenar Kim Sture Flo i referatet, og legg til;

-Det har vore veldig kjekt å trene denne gjengen i år!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380