Lokalnytt

Presenterte si andre diktbok.

Line Storstein på Hellesylt Boutiqe & Bar 7. oktober der ho både song og selde den nye diktboka si

Laurdag 7. oktober var Line Storstein tilbake i heimbygda der ho på Hellesylt Boutiqe & Bar presenterte si andre diktbok. Mange kom og kjøpte.

Line Storstein er frå Hellesylt, men har budd mykje av sitt vaksne liv på Lillehammer der ho jobbar i barnehage. Line har fleire interesser, mellom anna har ho gleda med vakker song ved fleire høve i heimbygda.
For eit par år sidan kom ho med den fyrste diktboka si, og sist laurdag presenterte ho den andre på Hellesylt Boutiqe & Bar. Her fekk dei frammøtte også høyre henne fortelje om livet sitt på både godt og vondt, og ho framførte to songar på vakkert vis. Ein av songane var «Min beste dag» av Erik Bye.
Om det vart ein av dei økonomisk gode dagane hennar på kaffibaren på Hellesylt laurdag veit ikkje vi, men salet av den andre diktboka gjekk i alle høve godt kunne vi sjå.

Den vesle diktboka med tittelen «Fra mitt hjerte til ditt» er på 80 sider og har like mange og korte rimdikt.
Eitt av dei fyrste i boka lyder slik;

«Ikke bruk alle kreftene dine
på å fylle alle andres
bensintank.
Det ender bare opp med
at du sitter igjen med
motorstopp selv.»

Og på siste side fann vi dette;

«Så godt det blir med
lysere tider sa du,
og stilte klokka
en time fram.
Tenk om det kunne være
så enkelt, tenkte jeg.»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380