Prestegrana i kyrkjesvingen.
Dette bildet viser den såkalla Prestegrana som stod i kyrkjesvingen. Ein antar at biletet er teke rundt 1937/38. Biletet er tatt oppover mot kyrkja. Det eksisterar og bilde av grana som er tatt motsatt veg ned mot Flo-huset. Dette bildet vart presentert i Sunnylvingen , nr, 15 1981 under vignetten «Det gamle foto». Rasmus I. Røyrhus fortalde då litt om grana til avisa. Grana stod opprinneleg i vegkanten på den gamle vegen, og namnet sitt fekk ho visst slik, i følgje Røyrhus.
- I samband med ei gravferd skulle presten Høimyr opp att på prestegarden å hente kjolen sin. Han hadde då ikkje førarkort og Ingebrikt Ringdal sat difor på med han i bilen. No bar det ikkje betre til enn at bilen med Høimyr ved rattet bar utfor vegen. Til all lukke støytte bilen mot denne grana. Ingebrikt fekk knipe seg fast i nokre greiner, men presten sat like kald og roleg i bilen.
Denne episoden er også beskrive i jubileumsboka for Sunnylven kyrke 150 år (side 154).
Køyretur enda i grantre.
Nils Høymyr skaffa seg sertifikat og bil medan han var sokneprest i Sunnylven, men ikkje utan litt dramatikk.
På Hellesylt, mellom kyrkjemuren og Flo-huset, var det ein sving på vegen, og i vegskråninga vaks fleire store grantre.
Sokneprest Høimyr hadde kjøpt ein svart og litt kasseaktig Ford, og hadde ein lokal sjåfør til læremeister i bilkøyring.
Lærekøyringa gjekk bra, men ved eit tilfelle gjekk det gale. Då brast det utfor vegen ved kyrkjemuren etter at Høimyr og bil hadde brasa inn i ein diger stabbestein som rulla heilt ned i Stokke-løa. Bilen vart liggande velta inn i granene på nersida av vegen.
Det gjekk bra med sjåførane, og etter hjelp med stubbebrytar og rå handkraft frå fleire, kom bilen på vegen igjen, nesten uskadd.
Noko seinare fekk soknepresten spørsmål frå eitt av sine sokneborn om korleis det gjekk med bilkøyringa. «Jo, det går bra, eg har presset den opp i 70 nå». Sokneprest Høimyr fekk sitt sertifikat etter kvart.
Då vegen vart utvida på slutten av 30-talet vart grana ståande midt i vegen. I dag ville vi nok vurdert dette til å vere ei farleg trafikkfelle, men biltrafikken var liten. Vakker var imidlertid grana med tende ljos og nysnø på greinene, på kyrkjegardsmurane og på husa omkring. Omsider tok ho til å visne på grunn av det svære steinpresset. Sokneprest Aandahl brukte nettopp dette i overført tyding i ei preike om den tyske nazismen sitt press mot røtene i det norske folk.
Grana vart fjerna av tyske soldatar under 2.verdenskrig, truleg i 1942. Nils Høimyr var prest i Sunnylven frå 1926 til 1934. Idar Aandahl var prest i Sunnylven mellom 1941 og 1955.