Lokalnytt

Stor pågang til vaksinering

Mange kom i bilar for å bli vaksinert både mot influensa og korona på Hellesylt tysdag

Svært mange av befolkninga i Sunnylven møtte fram til vaksinering på Hellesylt tysdag. Der vart dei som ønska det vaksinert både mot influensa og korona.

Mange møtte fram då vaksineringa mot influensa og korona starta på Hellesylt tysdag. Klokka 09.00 kunne dei som kom til lokalet i Sunnylven omsorgssenter få seg vaksinert mot begge, dei to sjukdomane som ingen vil ha.
Pågangen vart stor heile tida i 2.5 time der fire frå helsevesnet i Stranda jobba nærmast på spreng med å vaksinere.

Kundane denne dagen var godt vaksne pensjonistar som alle ønskjer seg ein sjukdomsfri alderdom til vinteren. Om vaksineringa fører til det står att å sjå, men truleg blir eventuelle sjukdomstilfelle av det milde og skånsomme slaget, får vi tru.

Onsdag blir det vaksinering i Geiranger mellom klokka 10.00 – 12.00,
torsdag på Stranda mellom klokka 12.00 – 16.00,
og Liabygda fredag frå klokka 11.00 til 13.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380