Lokalnytt

Storfjordkalendaren snart i sal.

Frå veke 43 er årets Storfjordkalendar i sal. I Stranda kommune er den å få kjøpt ved Stranda bokhandel, Coop Hellesylt, Ringdal & Co Hellesylt, og ved Geiranger Verdsarvsenter.

På nytt gjev Storfjordens Venner ut kalendar med tekst og bilder frå fjord -og fjellgardar langs Storfjorden. Også i år har det blitt ein flott kalendar som alle bør få i hus.
Den er i sal i Stranda kommune frå veke 43 på Stranda bokhandel, butikkane Coop og Joker på Hellesylt, og ved Geiranger Verdsarvsenter.

Som vanleg og gjennom like mange år som Storfjordens Venner har eksistert har kalendaren kome ut i oktober/november året før. I år er den trykt i eit ekstra stort opplag i håp om å få ekstra inntekter då Fylket ikkje har vedteke støtte til organisasjonen enno, fortel leiar Inge Bjørdal. Han håper støtta kjem, men også at salet av kalendaren skal gå godt.

Storfjordkalendaren er ei flott «minnebok» frå fjord -og fjellgardane.
Asgeir Kvernberg har vore ansvarleg redaktør for årets eksemplar.
Framsidebildet er frå Øvsteholmen i Holmebygda, ovanfor Stordalsholmen, skriv Kvernberg og legg til:
-Kalendaren er langt meir enn ein kalendar, det er eit lokalhistorisk hefte med tolv artiklar av uilke forfattarar om gardar og tema langs fjorden.
Opplaget i år er 1300 stykk og pris pr. kalendar 150 kroner, skriv Kvernberg.

Mange personar har bidrega til at kalendaren kjem ut også denne gongen.
For januar er det Liv Randi Bjørlykke som har fortalt historier knytt opp mot bilde i kalendaen, og vidare;
Kjell Ole Løseth, Odd Normann Hoff, Reidun Helsem, Jon Slyngstad, to av Eli Synnøve Vidhammer, Tor Myklebust, Johan Myking, Lars Longva, Harald Grytten og Arne Ringdal.

-Innhaldet i kalendaren er svært variert og mange nolevande vil nok kjenne seg igjen i innhaldet. Betre julelektyre kan du ikkje gje folk som er interessert i lokalhistorie og arbeidet til Storfjordens Venner, avsluttar Inge Bjørdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380