Strålande konsert der publikum svikta
Rundt 50 personar kom til Stranda kyrkje og konserten for TV-innsamlingsaksjonen søndag. Der fekk alle ei stor oppleving saman med gode song og musikkrefter i Stranda kommune.
Det var Allsongkoret, pensjonistar med songstemmer gode som langt yngre som opna konserten i Stranda kyrkje torsdag kveld. Dei framførte to kvikke songar, og dermed var konserten for TV-innsamlinga 2023 i gong.
To unge jenter, Miriam frå Stranda og Yevheniia frå Ukraina hadde fått jobben med å leie den flotte konserten, ein jobb dei gjorde på framifrå måte.
Tidlegare ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad er leiar for innsamlingsaksjonen. I Stranda kyrkje kom han med ein god og klar appell om rausheit frå alle innbyggarar på søndag.
Då kjem det rundt kring hundre sjåførar og bøsseberarar for å samle inn pengar til Redd Barna. Det meinte han var ein viktig aksjon som alle måtte vere med å støtte.
-Det er nesten 50 år sidan den fyrste, hjelpande innsamlingsaksjonen kom i gong, og det tiltaket har vi klart å vidareføre med stor innsats frå mange.
Det vi greier å skape for folk og mellom folk er det positive, i motsetnad til det som skjer i verda i dag i Ukraina og Midt-austen, det er forferdeleg, sa Tryggestad.
Andre aktørar som leverte frå koret i kyrkja var Sigrid Lovise som spela fiolin og Sven Nyhus sin «Kari Pers Polka», og Henriette Solheimsnes Hole som song «Perfekt» av Add Sheeran. Også Ingvild Hegge Eriksen deltok med lesing av rimvers.
Unge Jørgen Støverstein spelar fleire instrument. I Stranda kyrkje kom han fyrst og bidrog med flott speling på piano, og seinare i programmet stilte han på med saksofon i lag med Ksawier Kowalski som spela piano.
Med andre ord, fleire musikalske innslag på fele og piano, før det vart song av ti år gamle Otilie Berg. Eit innslag som avgjort var av det som imponerte mykje.
Imponerte oss gjorde også Ida Susann Tronstad med gitarspelet sitt, før Evgenii Zhukov og franske Tatiana Alamartine kom på scena og framførte eit større musikkstykke på tverrfløyte og piano.
Men kanskje var det Kristin Storstein som imponerte oss aller mest denne torsdag kveld. Sjeldan, ja kanskje aldri har vi høyrt henne synge vakrare i to songar med Gunnar Inge Eide ved pianoet. Fyrst «Imagine», og deretter «For vår jord».
Til slutt var det Kor Nøye og dirigent Kellaug Oma sin tur. Og det vart ei flott avslutning på ein flott kveld i Stranda kyrkje når det gode mannskoret stemte i sine to songar, mellom dei DDE si vise «Vinsjan på kaia».
Desse deltok under konserten i Stranda kyrkje:
1. Allsongkoret + piano
«Kärlekens tid» «Som toner i en evig sang»
2. Jan Ove Tryggestad
noen ord
3. Jørgen Støverstein – piano
E. Grieg «Småtroll»
4. Sigrid Lovise – fiolin + Piano
«Kari Pers Polka» av Sven Nyhus
5. Otilie Berg – song (playback)
«Home to you» av Sigrid
6. Henriette Solheimsnes Hole -song (playback)
«Perfect» av Ed Sheeran
7. Ingvild Hegge Eriksen – lesing
«Reisen» Veronica Salinas
8. Ida Susann Tronstad – gitar «Allegro» Mauro Giuliani
9. Evgenii Zhukov + Tatiana Alamartine – fløyte/piano A. Piazzolla «Histoire du tango» 3. sats
10. Kristin Storstein+ GI – song+piano
«For vår jord» , «Imagine», «Sangen om gleden»
11. Ksawier Kowalski – piano
L. v. Beethoven «Måneskinn» sonate 1.sats
12. Ksawier + Jørgen – piano og sax
«You raise me up» – Secret garden
13. Kor Nøye + piano
«Breakfast in American» av Supertramp, «Vinsjan på kaia» av DDE