Sunnylven skule engasjerte seg for TV-aksjonen
Tysdag stilte heile Sunnylven skule på Hellesylt stadion for springing og inntekt for TV-aksjonen 2023. Rundt løpebana var fullt av elevane, og foreldre, slekt og kjenningar betalte for innsatsen.
TV-aksjonen 2023 går til Redd Barnas arbeid og hjelp til born som er ramma av krig og konflikter rundt om i verda.
På Hellesylt stilte heile Sunnylven skule opp til «dugnad» for prosjektet tysdag, for også dei ville vere med å hjelpe i den gode saka. Dei arrangerte skuleløp på Hellesylt stadion der elevane sprang runde på runde som dei hadde avtala pris på med foreldre, søsken og andre slektningar.
Det vart mange rundar i eit heller kjøleg ver. Men den lave temperaturen såg ikkje ut til å verke serleg på innsatsen.
Fyrst ut var dei eldste elevane, så starta mellomsteget og til slutt småskulen. Rundt 70 elevar var i aksjon på det meste, men kring løpebana på stadion var det god plass for alle,
Fyrst ut var ungdomssteget og storskulen klokka 13.30, og så kom resten av klassestega etter kvart. Ein time seinare vart det heile avslutta. Då hadde dei eldste elevane gjort unna heile 26 rundar på 400 meter, noko som tilsvara litt over ei mil. Og elevar i dei andre klassestega fekk notert både litt under og litt over 20 rundar av tre lærarar som talde og hadde kontroll på innsastsen
Også dei yngste elevane i småskulen sprang fort og langt, og etter ca. ein halv time hadde også mange av dei fått notert eit to-sifra antall rundar.
Tiltaket med elevløpet var berre flott, og vi må berre slå fast at det vart ein stor prestasjon for ei god sak av alle elevar frå Sunnylven skule på Hellesylt stadion tysdag. Imponerande prestasjon av alle i ikkje alt for godt ver.
Løpet og elevane frå Sunnylven skule som sprang var «sponsa» av sine næraste med ulike beløp, enkelte med eit kronebeløp pr. runde, andre ein fast sum for å delta. Kor mykje elevane sprang inn til TV-aksjonen 2023 veit vi ikkje enno, men det vart nok fleire ti-talls tusen kroner.