Lokalnytt

Tatiana Alamartine med konsert i Lensmannsstova

Tatiana Alamartine, fransk musikar blir å høyre i Lensmannsstova på Lillebø onsdag 18. oktober.

Onsdag 18. oktober blir det konsert i Lensmannsstova på Lillebø. Dit kjem franske Tatiana Alamartine og fyller lokalet med vakre tonar frå sitt tangentinstrument.

Etter opphald ei tid er det klart for konsert i Lensmannsstova på Lillebø. Det fortel Synnøve Hjellbakk Hole, vertskap i Lensmannsstova og som denne gongen kan by på konsert av franske Tatiana Alamartine.

Tatiana spelar klaver og i det gode, intime konsertlokalet vil ho spele eit variert repertoar, både popmusikk, jazztonar og meir i klassisk stil.
Konserten er onsdag 18. oktober klokka 19.30 så her er det berre å ringe og melde seg på til Synnøve, Men ikkje utset telefonkontakta, det kan bli fullt.
Ring tlf. 909 51 185: Pris kr. 300.- inkluderer også kaffi og svele.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380