To strake heimesigrar for J13
Sunnylven J13 har vore i aksjon to gongar den siste veka med utsette kampar. Førre torsdag tok dei imot Hareid og innkasserte ein solid siger. Heile 11-0 stod det på resultattavla då dommar Odd Even Svindseth, VRF blåste av for full tid. Det stod 7-0 til pause. Målscorarar i den kampen var Ingeborg 7 mål, Tuva 1, Therese 1 og Siril 2.
I går var det Sæbø som stod på motsatt banehalvdel. Til denne kampen hadde Sunnylven berre ein reserve. Heimelaga leia 2-0 til pause etter mål av Ingeborg og Siril, og når Ingeborg scora 3-0 etter berre eit par minutt av andre omgang rekna vel dei fleste med nok ein komfortabel heimesiger. Men Sæbø stod på og fekk to raske reduseringar etter ca 1 time og var nære på å utlikne rett før slutt. Heldigvis enda det 3-2 til heimelaget i ein kamp som dei nok burde avgjort i fyrste omgang. Odd Even Svindseth var god dommar også i denne kampen.
Neste og siste kamp for sesongen for jentene er borte mot Vanylven på søndag. Den kampen skal spelast i Vanylvshallen.