Vakker konsert av fransk musikar
Tysdag 17. oktober var det konsert i Lensmannsstova på Lillebø. Der fekk eit tallrikt publikum møte den franska pianist -og komponisten Tatiana Alamartine.
Mange kom til konsert i Lensmannsstova på Lillebø tysdag. Der heldt den franske pianisten Tatiana Alamartine konsert til fleire titalls publikum både frå Sunnylven og nabobygda. Saman med komponisten kom også Stephanie Roux, også ho fransk og kjenning av Alamartine.
Det vart ein spudlande konsert frå Tatiana Alamartine. Mange av låtane var sjølvkomponerte, men mykje også av andre kjente komponistar. Ho fortalde at ho har gjeve ut tre Cd-ar, og mykje var frå desse sjølvkomponerte låtane.
Å kunne spele i lag med andre musikarar gav ekstra energi til musikken, sa ho.
På tysdag kveld i Lensmannsstova framførte ho konsert åleine. Som ung budde ho i Italia, og der vart ho inspirert til å komponere fleire av melodiane ho spela i stova på Hjellhaugen.
På Stranda hos veninna, franske Stephanie Roux har ho vore fleire gonger og her har ho blitt inspirert til å komponere nokre av melodiane ho framførte under konserten.
Til sist i konserten sette ho seg ved det gamle trøorgelet i stova på Lillebø og spela Bach. Også det til stor applaus frå eit rundt tretti-talls store publikum.
Det vart ein flott konsert av franske Tatiana Alamartine som publikum både frå Sunnylven og Hornindal applauderte for i Lensmannsstova. Her var det fingerleik på tangentane som gleda og imponerte i nær to timar.
Musikken hennar har også blitt brukt i samband med program på TV fleire gonger, fortalde ho.
Synnøve Hjellbakk Hole med gode hjelparar var vertskapet i Lensmannsstova på Lillebø. I pausen vart det servert kaffi og svele, også det fall i smak hos publikum.