Avslutta fotballåret med premiefest og bingo

Det var godt frammøte på Sunnylven samfunnshus då fotballgruppa avslutta fotballåret med premiefest søndag. Før og etter premieutdeling vart det spela bingo.
Alle foto: Gunnar S.F.
Mange spelarar fekk sine utmerkingar søndag 5. november, blanke beger av fotballgruppa, ei premieutdeling leia av Leif Rune Tryggestad og med god hjelp av trenarar og oppmenn for laga.
Ein fotballsesong var over for fem aldersbestemte lag.
Det hadde vore ein fin sesong for Sunnylven Fotball, sa Tryggestad som hadde ei kort oppsummering av sesongen før premieutdelinga. Han retta takk til mange, trenarar, oppmenn, banemannskap, kiosk og mange, mange fleire som hadde hatt ei hjelpande hand med i ein ny, flott sesong for Sunnylven fotball.
Tryggestad ropa så fram spelarane på dei fem laga frå G14 til mini Jenter og gutar. Alle kom på scena og fekk sine flotte, blake beger til stor applaus frå salen.
Frå seriespelet tek vi med:
G13 kom på tredje plass i vårsesongen, og nummer to i haustserien etter Langevåg 2.
J13 vann like godt vårsesongen, eitt poeng før Vanylven.
Om hausten vart dei nummer tre bak Herd 2 og Langevåg 2.
J10-laget vart det ikkje ført poengtabell for, men laget var utruleg godt og vann mykje.
Trenarar for desse laga har vore Eivind Louis Helset, Lillian Aasheim og Kim Sture Flo. Dei to yngste laga har blitt følgde opp av Steffen Hole / Elise Skjortnes, og Leif Rune Tryggestad / Støverstein.
Jenter 10 år hadde Kim Sture Flo som trenar.
Sjølv om Sunnylven Fotball hadde si årsavslutning søndag er ikkje fotballsesongen heilt slutt. Til helga 10 til 12. november skal to lag, J13 og G14 delta i Førdecup.