Gler seg til NM på Gålå.
På Beitostølen gjekk Kristine Hjellbakk Hole sitt fyrste skirenn denne sesongen. Det vart ein plass midt på resultatlista, eit greitt resultat, seier ho, men no gler ho seg til renna på Gålå.
Kristine som er inne i andre året som seniorløpar i langrenn har skulegang i Trondheim som sitt daglege gjeremål. Men resten av tida er det trening, både ein og to gonger kvar dag, fortel ho. Ho vil bli god og satsar langrenn slik ho har gjort dei siste åra.
I fjor vart ho mellom dei tjuge beste i Norgescupen, men no vil ho i alle fall kome blant dei femten. Då må det mykje trening til, for miljøet og langrennsløparar i Norge er gode, seier ho.
Om Beito-løpa er ho ganske godt nøgde med. Det var greit, men vi forstår at ho har høgare mål enn ein plass rundt midten av resultatlista.
Renna på Beitostølen var dei fyrste denne sesongen, og forholda var gode. Litt kaldt kanskje, legg ho til.
Ho var ikkje heilt nøgd med skia under rennet, men ho klagar ikkje så mykje sjølv om vi fortår at det ikkje var dei beste ho hadde gått på.
Kanskje skulle far Hans ha preparert slik han har gjort ofte før. Han var til stades og fylgde med på konkurransen på nært hald.
Om knappe to veker er det nye konkurransar for Kristine Hjellbakk Hole og dei andre dameløparane. Då skal det kjempast i løypene på Gålå om plasseringar i NM U23 og det gler ho seg til. Renna går 2. og 3. desember.
Så langt har alt gått som det skal. I Trondheim blir det trena godt, og ho har halde seg frisk av både korona og andre sjukdomar. Så då går det mot ein spanande sesong for Sunnylven IL sin beste langrennsløpar, ein utøvar heilt i Norges-toppen.