Lokalnytt

God påmelding til Saudehaudfest

Årets saudehaudfest blir arrangert på Sunnylvsbygda grendahus laurdag 11. november.

Det var gode beiteforhold i fjella i Sunnylven i år, noko som førte til store fine lam. Og det var lite svinn, så laurdag blir alle gryter fulle på årets saudehaudfest på Sunnylvsbygda grendahus.

Bøndene har henta heim sauer og lam frå fjellbeite og laurdag 11. november skal resultatet smakast på. Då blir den årlege saudehaudfesten arrangert på Sunnylvsbygda grendahus med det beste frå fjellbeita.

Og skulle nokon ønskje seg anna på tallerkenen kan ein fylle opp med kokmør, poteter og kålrot. For du har vel huska å melde deg på til årets saudehaudfest? Om ikkje må du ta telefonen kjapt og ringe:
Olav Lade mob. 918 93 177
Oddbjørg Stadheim mob. 408 41 702.

Torsdag kveld, to dagar før var det påmeldt 70 personar til saudehaudfesten, men arrangøren har plass og mat til fleire, får vi opplyst. I tillegg til servering, musikk og dans byd arrangøren Sunnylvsbygda grendalag også andre forfriskningar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380