God sesongopning av Kristine Hjellbakk Hole.
Langrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk inn til 43. plass på 10.0 km. klassisk langrenn på Beitostølen laurdag. Hole kom i mål 3.08.8 etter vinnaren Heidi Weng, BUL.
På 10 km. klassisk på Beitostølen deltok rundt 80 av Norges beste, i tillegg til nokre utanlandske løparer. Her sesongopna også Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL og gjekk eit svært godt løp. Under gode forhold og 15 minusgrader kom ho i mål til 43. plass og sluttida 29.52.4, vel tre minutt etter vinnaren Heidi Weng. BUL-løparen vann med 4.7 sek. føre Astrid Øyre Slind.
Det vart ein fin start på sesongen for Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL sin beste langrennsløpar dei siste sesongane. Ho deltok på Beitostølen under opningsrenna også i fjor, og då vart det 59. plass på dagens klassiske distanse, og 37 plass i fristil.
10 km. fristil søndag
Startlista for 10 km. fristil i morgen søndag er no klar, og Kristine går ut på startnr. 31. klokka 11.45.30.
På startnr. 75 går vinnar av klassiskdistansen, Heidi Weng ut, halvminuttet før Sophia Laukli, USA. I alt 78 løpaar stiller til start i 10 km. fristil damer på søndag.
Hellesylt.info gratulerer Kristine med innsatsen.