Lokalnytt

Heile 28 julenett frå Sunnylven sanitetslag.

Torsdag pakka fem damer i Sunnylven sanitetslag 28 store nett med julevarer som skal delast ut til familier i Stranda. Frå venstre Kari Hauso Stadheim, Gerd Helset, Hilde Langlo Brekke Birgitte Rørhuus-Øie, Eli Brekke.

Sunnylven sanitetslag søkte og fekk 40.000.- kroner frå Orkla til innkjøp av julemat og meir. Torsdag kveld vart alt pakka og sendt til Stranda frivillingsentral som deler ut.

Det er ein strålande nøgd leiar i Sunnylven sanitetslag vi fekk i telefonen torsdag. Hilde Langlo Brekke fortel at på eit par kveldstimar pakka fem damer i Sunnylven sanitetslag 28 store nett med tørrvarer, hermetikk, vaskemiddel, og ein del godteri.

Det er Stein Erik Hagen som er ein av dei drivande kreftene bak satsinga på 1.4 mill kroner frå Orkla til dei gode julevarene. Han er stolt over mor si som var ei svært aktiv sanitetsdame.

På Hellesylt vart det sjølvsagt mange Orkla-produkt i innjøpa som vart gjorde på dei to butikkane, Coop og Ringdal § Co. Varene vart til store handlenett som mange familiar i Stranda kan glede seg over å motta til jul, seier Hilde Langlo Brekke, leiar i Sunnylven sanitetslag.

Men det er viktig at personvernet blir ivareteke, seier ho.
-Varene skal delast ut av Stranda frivilligsentral og gå til sårbare familiar i Stranda kommune, og ho legg til;
-Det er veldig kjekt at vi kan søkje og å få så mykje pengar til innkjøp. I Sunnylven sanitetslag er det lett å få organisert hjelp til å pakke i to timar, her stiller dei på dei som blir spurde.
Og i neste veke reiser fem damer frå Sunnylven sanitetslag til Stranda for å hjelpe til å pakke meir, i lag med fleire frå Stranda.
Vi ønskjer at alle skal få ei god jul, seier leiar i Sunnylven sanitetslag Hilde Langlo Brekke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380