Juleope på gamleskulen
Det blir juleope på gamleskulen på Hellesylt laurdag 9. desember. Skulen blir open for innsteg mellom klokka 12.00 og 15.00.
Som tradisjonen har blitt dei siste åra blir det juleope på den gamle skulen på Hellesylt også i år.
I invitasjon frå leiinga for skulemuseet frå 1896 lovar dei god fyr i omnen om desemberkulden held fram som no. Og der blir kveikte ljos, god servering og masse hygge og godt prat.
-Kom innom og ta ein «pust i bakken». Her blir det sal av kaffi, kaker, saft og lodd, skriv leiinga i innbydinga, og dei held fram;
-Klokka 13.00 kjem Bjarne og spelar julesongar på orgelet. Du må gjerne kome innom og synge med. Vel møtt til alle!
Så legg gjerne Hellesylt-turen innom gamleskulen laurdag 9. desember og besøk i den flotte skulestova. Her blir det julekos i tre timar med servering, musikk og song, og masse vinnarlodd.