Kjøttvaregigant feira medaljer med kakefest
Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS kom heim med fleire medaljer frå NM i kjøttvareprodukt også i år. Då vart det kakefest og gode ord til alle dei hundre arbeidarane ved bedrifta.
Det er plass for resultatet frå årets NM i kjøttvareprodukt på veggen i kantina ved Ole Ringdal AS. Kjøttvaretevlinga vart arrangert for ei veke sidan, og frå konkurransen i Oslo kom dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal heim med tre gull og ei bronse. Eit fantastisk flott resultat for Hellesylt-bedrifta i skarp konkurranse med fleire titalls kjøttvarebedrifter landet over.
Ole Ringdal AS med sine 100 tilsette har greidd eit liknande resultat også tidlegare. Det var i 2017 då det også vart tre gull, og der bronsemedalja var sølv den gongen.
Under NM i kjøttvarer 2023 fekk Ole Ringdal AS i år gullmedaljer for;
«Bacon i terningar», «Ribberull» og «Ringdal mør kokt».
Bronsemedalja kom for «Pinnekjøtt av lam, røykt».
Det var av det beste resultatet nokon gong, sa dagleg leiar Ole A. Ringdal då han inviterte til ekstra kakefest i lunsjpausen for arbeidarane tysdag 21. november.
Han kunne helse og gratulere med årets resultat frå Norsk kjøttfag der Hellesylt-bedrifta nok ein gong henta medaljer og heider. Tre gull og ei bronse var av det beste nokon gong.
-NM i kjøtt forsterkar resultatet av arbeidet dokke utfører. Det er dokke som utfører den gode jobben, dokke står på kvar dag og det er dokke som har tatt medaljene for oss. Så tusen takk, eg er svært takknemleg for det arbeidet dokke utfører i bedrifta, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal mellom anna då han innleia medaljefesten i kantina tysdag.
Dermed var det klart for ein ny stor kakefest for alle tilsette i hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt. To store marsipankaker var kjøpt inn, og det meste av dei gjekk unna.
Veggen på kantina ved Ole Ringdal AS er lang og full av diplom etter bedømming av kjøttvareprodukt opp gjennom åra. Det starta i 1994 viser to diplom der det snart ikkje er plass til fleire.
-Eg gjekk skule i Oslo i 1994 og då fekk eg telefon heimanfrå at eg skulle møte opp med varer frå bedrifta vår på NM. Det gjorde eg og der starta medaljefangsten med to bronsemedaljer for kjøttvarer frå Ole Ringdal AS, fortel dagleg leiar med same namn som bedrifta. Sidan då har det blitt 71 diplom og medaljer på bedrifta, Hellesylt sin største arbeidsplass.