Lokalnytt

Kommunedelplan for heilårsturisme

Cruisetrafikken er ei viktig næring i Stranda kommune. Her ligg cruisebåten Iona ved kai på Hellesylt.

På Sunnylven samfunnshus blir kommunedelplanen for Stranda og heilårsturisme i kommunen presentert på Hellesylt og folkemøte torsdag 16. november.

Det er Ellen Fivelstad som har utarbeidd og presenterer planen på folkemøtet på Hellesylt torsdag.
-I dag er Stranda kommune i nasjonal målestokk ein stor turistkommune, både når det gjeld bil -, buss- og cruiseturisme. I tillegg er Strandafjellet ein viktig skidestinasjon, som har meir vitjande om sommaren enn vintaren, skriv Fivelstad innleinsvis, og held fram;

Omfattande plan

-Denne kommunedelplanen er ganske omfattande og innhaldsrik, ettersom den er skriven til eit ganske breitt publikum. Sjølv om Stranda Kommune er ein stor reiselivskommune, er det mange av både folkevalde og innbyggjarar i kommunen som ikkje kjenner reiselivet som bransje inngåande. Planen er difor utforma til å også vere ein introduksjon til bransjen generelt og reiselivet i kommunen spesielt.

-Har tilpassa sag

Fivelstad held fram og peikar på at reiselivsnæringa, er ved sidan av landbruket kanskje den næringa som har dei mest uføreseielege rammevilkår.
-Gjennom historia har reiselivsaktørane og næringa blitt utsett for, og har klart å tilpasse seg – og omstille seg til; disruptive trendar,  lovendringar, valutasvingingar, og eksterne sjokk som unionsoppløysing, to verdskrigar, kald krig, flodbølgje og nullutsleppsproblematikk og ein pandemi. Reiselivsnæringa står framfor mange nye utfordringar, og må på ny tilpasse seg, men i utfordringane ligg det også moglegheiter, til utvikling, innovasjon og omstilling. For å få dette til er det viktig at bransjen får føreseielege rammevilkår, og det er derfor viktigare enn nokon sinne at kommunen og fylkeskommunen lagar felles planar og strategiar som gir føreseielege rammevilkår. Derfor er det veldig viktig for kommunen å ha ein slik plan, som kan legge til rette for ei best mogleg utvikling i ei elles uføreseieleg tid.

Fleire delkapittel

Prosjektleiar Ellen Fivelstad skriv at kommunedelplanen bør lesast kronologisk, men er også bygd opp slik at det er mogleg å lese delkapitla kvar for seg med tilbakeblikk over korleis turismen og reiselivet har utvikla seg, og med situasjonsomtale av Stranda kommune i dag. Planen har også eige kapittel for organisering og rollefordeling av reiselivet.
Eit kapittel handlar om cruise og dagens situasjon med det komande nullutsleppsvedtaket, før den til slutt kjem inn på globale trendar som verkar inn på reiselivet og kva kommunen må innrette seg på.

Innspel innan 15. desember

Heile planen er eit omfattande produkt på heile 95 sider, illustrert med tekst, tabellar og bilder. Spørsmål til innhaldet i planen kan rettast til prosjektleiar Ellen Fivelstad, anten på telefon: 412 68 040 eller skriftleg på e-post til: ellen.fivelstad@stranda.kommune.no

Skriftlege innspel til sjølve planen må sendast til post@stranda.kommune.no innan fredag 15 desember.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380