Slått ut i kvartfinalen.
Oppdatering: Sunnylven J13 ute av Førdecup.
Sunnylven har dei siste året hatt fleire tøffe kampar mot MTG. Ofte har jentene frå Sunnylven trekt det lengste strået, men i kvartfinalen i Førdecup søndag var det laget frå Herøy som tok ein fortent siger. MTG tok leiinga 1-0 før Ingeborg utlikna. Rett før slutt scora MTG 2-1 og dette klarte ikkje Sunnylven å svare på. Laget er dermed ute av Førdecup, men har gjort ein flott innsats !
Tidlegare artikkel:
Sunnylven J13 til kvartfinalen.
Sunnylven vart for sterke for Bergen Nord J13-1 i åttandelsfinalen i Førdecup. Laget vann 2-0 og er klar for kvartfinale der dei skal møte vinnaren av MTG og Førde. Kvartfinalen går av stabelen i morgon, søndag kl. 11.40. I kampen mot Bergen Nord J13 laga Ingeborg begge måla. Det vart delt ut eit gult kort til Sunnylven.
Tidlegare artikkel:
Klar for A-sluttspelet.
Sunnylven J13 vann gruppespelet sitt i Førde Cup. I avgjerande kamp vann dei 2-1 over MGT. (Moltustranda-Tjørvåg-Gurskøy). MTG tok ei tidleg leiing, men Therese utlikna på eit langskot. Minuttet før slutt scora Ingeborg sigersmålet som førte laget heilt til topps i gruppa.
Laget er no i A-sluttspelet og spelar ny kamp i kveld klokka 20.00. Motstandar blir Bergen Nord J13-1.
Tidlegare artikkel:
Jentelaget til Sunnylven IL gjer det godt i Førde Cup. No leiar dei si gruppe etter to kampar når ein kamp står igjen.
Fredag kveld spela Sunnylven IL jenter 1-1 mot Bergen Nord FK i Førde Cup. Her scora Therese Sunnylven sitt mål. Laurdag heldt dei fram med å vinne heile 4-0 mot Førde IL. Speletida er berre 13 minutt. I denne kampen scora Ingeborg (3) og Sina.
Siste gruppespelkamp går mot MTG som ligg på andre plass, også dei med fire poeng etter to kampar. Kampen blir spela klokka 15.30. Det kan bli eit tett oppgjør for jentene frå Sunnylven IL.
Måtte trekke laget
Sunnylven IL hadde meldt på to lag, også G14 til Førde Cup. Dette laget måtte trekke seg grunna mykje sjukdom mellom spelarane på laget.