Mange til kyrkje på Allehelgen-søndag.
Mange kom til Sunnylven kyrkje søndag kveld, ei vakker stund spesielt til minne om dei som hadde gått bort dette året.
Kveldsgudstenesta opna med musikk på orgel og fele av Gunnar Inge Eide og Øyvind Robak.
Etter eit kort dikt, lese av Inghild Storstein ønska sokneprest Ann Kristin Langeland alle vel møtt til kyrkja, til gudstenesta spesielt til minne om dei som hadde gått bort det siste året. Mange hadde møtt fram, mellom dei slekt og vener til eit ti-talls personar som hadde gått bort i år.
To frå årets konfirmantkull, Marta Friestad og Ingeborg Fivelstad Stadheim tende levande lys i lysgloben for kvar av dei avlidne som soknepresten las opp namna på.
Så vart det meir musikk på piano og fele av Eide og Robak med Kristin Storstein som vokalist. Mellom fleire vakre songar vart vi mykje imponert over ein salme av Edvard Hoem.
Sokneprest Langeland hadde ord til mange, og der ho også var inn om alle helgens dag og med dei mange tankar og inntrygg som føl på denne dagen.
Gudstenesta vart avslutta med salmen «Eg veit i himmelrik ei borg», og med lystenning i lysgloben. Dermed var ein vakker kveld i Sunnylven kyrkje over for mange frammøtte.