Miste mor si av Alzheimer.
Nils-Jarle Sætre mista mor si av sjukdomen Alzheimer i 2020. Onsdag 15. november kjem journalisten frå Vartdal og Ørsta til Hellesylt med foredrag kring forskning og bekjempelse av sjukdomen.
Alle foto: Nils-Jarle Sætre.
Sunnylven sanitetslag inviterer til ope møte på Sunnylven samfunnshus onsdag 15. november. Dit kjem Nils Jarle Sætre, journalisten frå Vartdal i Ørsta for å fortelje om Alzheimer, sjukdomen som mor hans døde av så alt for tidleg.
Sætre har engasjert seg mykje for Alzheimer som han og familien fekk tett inn på seg i 2020 då mor hans gjekk bort. I midten av november kjem han til Hellesylt og sanitetslaget sitt folkemøte på samfunnshus for å snakke om sjukdomen.
Etter at mor Jorunn Ingerd Sætre gjekk bort starta Nils-Jarle sitt engasjement for sjukdomen og saka. Han har blitt kjent for sine lange turar for innsamling av pengar, og sine foredrag rundt om i heile landet.
Bortgangen av Jorunn Ingerd var så alt for tidleg, seier han så no håper han at bidraga han samlar inn kan vere med på å hjelpe forsking til å kome lenger i bekjempelse av sjukdomen.
-Eg starta prosjektet for å hedre minnet om mor. Ho stilte opp som friviljug for både pårørande og menneske som sleit med mentale helseproblem. Eg ville gjere noko som var i hennar ånd, og difor såg «Til topps mot Alzheimer» dagens lys, seier Sætre.
Etter den fyrste turen frå havet til Galdhøpiggen og i år ruta frå Sørvågen i Lofoten til Sørvær på Sørøya har det blitt mange foredrag med Nils-Jarle rundt om i landet. Tema for foredraga har vore korleis det er å vere pårørande til folk med den grusomme sjukdomen Alzheimer, og han har fortalt om dei to turane. Onsdag 15. november kjem han til Hellesylt.
-Det er utruleg hyggeleg å bli invitert til Hellesylt. Eg har fleire nære venner i bygda, så det blir veldig spesielt å halde foredrag der då eg er veldig personleg i foredraga.
Han fortel at på turen i 2021 hadde han kviledag på Hellesylt, og der blei han oppvarta av Ole Arnstein Ringdal.
-Så då er det jo svært passande at eg har blitt invitert inn dit for å snakke om turane.
Eg vil rette ei stor takk til Sunnylven pensjonistlag som set Alzheimer på agendaen, seier Nils-Jarle Sætre.
Møtet med Nils-Jarle Sætre og temaet Alzheimer er onsdag 15. november klokka 19.00 på Sunnylven samfunnshus.