På isen med kølle og skøyter
Tysdag var det aktivitetsdag på skøyter for elevane ved Sunnylven skule. På Helsetvatnet var det flotte forhold for alle frå 1. til 7. klasse.
Berre dei eldste elevane ved Sunnylven skule måtte bli på skulen heile dagen tysdag 21. november. Dei andre frå 1. til 7. klasse fekk dra med buss til Helsetvatnet i Sunnylvsbygda der dei kunne spenne på seg skøyter for aktivitetar på det islagde vatnet. Der var det stålis, trygg og sterk nok til kva slag aktivitet det måtte vere.
Alle hadde funne fram hockey-skøyter og gjorde sine rundar på den blanke isen, nokre med litt større fart enn andre. Og mange hadde med hockey-køller og ball så det var stor fart på mange.
I vel to timar hadde nær førti elevar moro på det islagde Helsetvatnet tysdag. Om det blir fleire dagar er vel veret som avgjer, men moro var det med skøyter på etter, det kunne vi sjå.