Lokalnytt

Pyntar til jul på Hellesylt

Slik blir julegata på Hellesylt, og omlag slik det såg ut for 5-6 år sidan.

Også i år er det kome lyslenker i trea mellom butikkane og Sunnylven skule på Hellesylt. Og meir lys kjem etter kvart, også Hellesylt bro skal bli opplyst.

Det er ein stor og ivrig dugnadsgjeng som utfører arbeidet med lyspynting i Hellesylt sentrum også i år. Så langt i november er trea mellom butikkane og skulen lyspynta, og til komande helg skal også Hellesylt bro bli lyssett. Alt skal vere på plass til fyrste helg i advent, har vi fått opplyst. Lysdugnadsgjengen har framleis fleire dagar på seg til arbeidet skal vere utført.

I fjor kom det lys på rekkverket på Hellesylt bro. Lyspyntinga i Hellesylt har alltid fått god omtale av folk og reisande, men lysa på brurekkverket var litt spesiell farge på, tykte enkelte.  Dei var for kvite og lyste alt for skarpt, dei var i utakt med resten i gata.

No har saka blitt drøfta og vedtak er gjort. Det skal bli nye lyslenker på Hellesylt bro med same lysfarge som resten i gata.
Kostnaden med nye lenker på begge rekkverka på brua kostar 2.500.- kroner, og leiar ved bedrifta Ole Ringdal AS har sagt ja til å betale kjøpet, får vi opplyst.

Julelysa i Hellesylt sentrum pyntar opp, og det har også det lysande juletreet på Svarthammaren ovanfor Hellesylt sentrum gjort. Vi håper straumkabelen opp dit er heil og kveikjer juletreet også i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380