Lokalnytt

Sjokoladekappleik i Volda.

Dansarane frå HUL med velfortent premie etter kappleiken.

Hellesylt ungdomslag stilte med 13 dansarar då «Øyrafolk» frå Volda kulturskule og Møre og Romsdal Folkemusikklag inviterte til Sjokoladekappleik på Øyra skule i Volda søndag.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein sjokolade i premie.

I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre.

Her er alle deltakarane samla.

Dei yngste dansarane frå HUL opna kappleiken med å danse Bamsefar i Lia og Snuspolka. Deretter var det ein fellesdans med dei eldste dansarane før dei eldste dansa seksmannsril og Stockholmshottis. Til slutt i kappleiken var HUL også med på eit felles innslag saman med Romsdalsmuseet og Øyradansarane. Då var det Lettispolka som stod på programmet.

Irja og Jakob var stødige programleiarar.

Dansarane frå HUL klarte seg kjempebra og hausta gode tilbakemeldingar frå dommarane og applaus frå dei mange tilskodarane som hadde samla seg i Amfiet på Øyra skule.

 

Her dansar dei yngste «Bamsefar i Lia».

Program.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info