Skuletimar i gamleskulen
Siste torsdag i november var elevar innom gamleskulen på Hellesylt for litt forteljande undervisning. Fyrst kom fyrste og andre klasse, og så til slutt tredje og fjerde klasse frå Sunnylven skule.
Det var pensjonert lærar Kari Hauso Stadheim som ønska dei fire klassestega vel møtt til den gamle skulen og ein skuletime på dei gamle trepultane. Men elevane såg ut til å finne seg godt til rette, dei sessa seg og lytta heile skuletimen som undervisninga varte.
Opplegget var ikkje frå ei lærebok, det vart mest ein forteljande time om skule før i tida og andre ting frå den pensjonerte læraren. Det såg ut til at opplegget fall i smak hos dei unge elevane.
Den gamle skulestova i Hellesylt sentrum er i god stand.
Dei siste åra har det blitt gjort mykje arbeid for å utbedre bygget og halde det ved like. Taket er reparert og tett, råtne bord og bjelkar er skifta ut med ny, frisk material, veggar har blitt måla både utvendig og inne, det er installert elektrisitet med lys og kontakter, og vedovn og skorstein er sett i stand og godkjent for bruk. No manglar innlagt vatn og toalett, men kanskje kjem det også om litt.
Det var ein kald dag torsdag, men i omnen var det god fyr så skulestova var god og varm. Vi trur elevane tykte det var ein spanande time i den gamle skulestova. Alle såg ut til å trivast i klasserommet med levande ljos og ein parafinlampe som lyste opp.
Tredje og fjerde klasse var også innom gamleskulen og den litt «spesielle» skuletimen.