Sunnylven pensjonistlag byd inn til julebord
Det blir pinnekjøtt og meir god julemat med dessert og kaffi når Sunnylven pensjonistlag inviterer medlemer til julebord på Sunnylven kyrkjelydshus torsdag 7. desember kl. 16.00.
Når Sunnylven pensjonistlag inviterer til julebord byd laget på det meste og det beste av julemat. Og til slutt blir det servert dessert og kaffi kan ein lese av programmet og invitasjonen som er sendt ut. Samlingsstaden er som tidlegare år på Sunnylven kyrkjelydshus.
Det er ikkje skrive i invitasjonen, men vi reknar som sikkert at pinnekjøtet kjem frå den lokale produsenten slik det alltid har gjort på desse julegilda i pensjonistlaget.
Til årets julebord har tre lokale personar, Oddbjørg Stadheim, Olav Elling Gausdal og Bjarne Sjåstad øvd på innslag av song og musikk som blir framført under årets arrangement.
Og det blir julerefleksjonar av fjordapresten, sokneprest Ann Kristin Langeland, heiter det i innbydinga.
Som ein forstår har arrangør Sunnylven pensjonistlag både god mat og meir å by på. Og om laget ikkje kallar det julegåve så får alle 70-, 80-, og 90-årsjubilantar ein liten ting frå pensjonistlaget slik tradisjonen har blitt på desse julearrangementa.
Sunnylven pensjonistlag ønskjer påmelding, både for oppdekking og innkjøp av nok julemat. Så ring Astrid mob. 906 75 234, eller Odd Jostein mob. 957 52 330
Pris pr. person er kr. 200.-
Du er varmt velkomen!
heiter det i helsinga frå styret i Sunnylven pensjonistlag