Til Galdhøpiggen for Alzheimer
På Hellesylt var rundt 70 personar samla for å høyre Nils-Jarle Sætre, tidlegare journalist i Sunnmøringen fortelje om turar han har fullført til inntekt for Alzheimer, ein sjukdom mor hans døydde av.
Nils-Jarle Sætre opna foredraget på Sunnylven samfunnshus med å fortelje frå eitt av dei siste møta han hadde med mor si før ho døde. Ho kjende son sin, men stunda vart stillferdig i to timar. Lite vart sagt, men den var god likevel, tykte han.
Alzheimer er ein grusom sjukdom, sa Sætre som gjennom eit nær to timar lagt foredrag mintes mor si og hennar sjukdom på slutten av livet. Han visste at ho kanskje ikkje fekk så mykje glede av møta med han, men besøka hos mora vart mange likevel.
Og han tenkte mykje på far sin og einsemda han opplevde, så dei to planla mange turar både på sjø og land. Det vart eit godt liv han mintes med glede, og som dei framleis kan oppleve i lag.
Mor til Sætre døydde av Alzheimer i 2020, ei stor sorg og eit kjært familiemedlem var borte. Sætre ville gjere noko for å heidre minne om henne og ikkje minst slå eit slag for behandling av sjukdomen ho døydde av ved å samle inn pengar til forsking og utbetring. Han starta planlegginga av ein lag og krevjande spasertur.
Den skulle gå til Galdhøpiggen, nord-Europas høgaste fjell. Han søkte etter sponsorar til turen, men fekk mange nei.
Til slutt fekk han ja frå Skogstad, og etter kvart vart det fleire, mellom dei Ole Ringdal AS på Hellesylt.
Det vart ikkje berre tur med namnet til bedrifta, men der i frå kom det også mykje god mat, fortalde Sætre.
-Eg er sta av meg, men utan tanke på mor mi hadde eg ikkje greidd å gjennomføre turen, sa Sætre. Men 7 juli 2021 starta han på den lange etappa til Galdhøpiggen.
Han gjekk heilt åleine, men på turen møtte han mange andre som gav både motivasjon og tru på at han skulle orke å nå målet, toppen av norges høgaste fjell.
Han vedgjekk at det var eit slit, men målet om å samle inn ein million kroner greidde han til slutt. Det var ein tøff tur, men han fekk mange fine meldingar frå både kjente og ukjente som gav motivasjon, sa han.
Sist sommar gjekk Sætre ein ny tur for saka, frå Lofoten mot Hammerfest der mor hans opphaveleg kom frå.
Foredraget til Nils-Jarle Sætre på Sunnylven samfunnshus fenga, det var ei forteljing som fortalde om følelsar og kjensler knytte mellom mor og son som varte heile livet ut og enno lenger, men som brått og brutalt tok slutt med sjukdomen Alzheimer.
Det nær to timar lange foredraget vart illustrert med levande film av vakker natur frå fjord, fjell og vidder, turar i vakkert ver, men også i regn og torden der lynet slo ned berre 50 meter frå Sætre, fortalde han.
-Då var eg livredd, sa han.
Møtet vart arrangert av Sunnylven pensjonistlag, Sunnylven sanitetslag og Aldersheimens venner.