Vellukka generasjonsfest

Nærare hundre frammøtte hadde tatt turen til gymsalen då dansarane i HUL inviterte til generasjonsfest laurdag 25. november. Generasjonsfesten til HUL er eit årvisst arrangement der dei unge dansarane får vise fram dansane og songleikane dei har øvd på siste året til eit større publikum.
Leiar for dansegruppa er Wenche Høgalmen Ringdal. Med seg i styret og som medhjelparar på øvingane har ho hatt Marthe Hjellbakk Hole og Gunn Elise Gjelsvik. Lone H. Ringdal og Marianne Fivelstad har også vore med og hjulpe til på øvingar og framføringar.
Det vart dansa i to bolkar på festen og i pausen mellom bolkane fortalde Wenche frå året som hadde gått. Dansarane hadde fyrste danseøving for året 11. januar. 14 dagar seinare hadde minstegruppa lagt danseøvinga si til omsorgssenteret. Dette var veldig populært blant bebuarane på heimen og seinare i februar gjentok storegruppa dette med suksess.
I april feira dei dansens dag. I år øvde leikarringen inn eit program som dei viste fram i hagen på omsorgssenteret. Etterpå var alle dansarane på kaffibar.
Anna Gjendem kom til Hellesylt i mai og hadde hallingkurs for interesserte medlemmar. Her var også Astrid og Arne Ringdal med og underviste i parhalling. På nasjonaldagen dansa leikarringen både framfor omsorgssenteret og på skulen.
I juni var 21 born i Geiranger og dansa på eit stor europeisk bilmesse, og seinare på sommaren deltok laget på Hellesyltdagane der dei dansa framfor storscena før dei tok ein velfortent sommarferie.
I starten på september starta dei opp igjen med øvingar, og i år har dei fått med to nye fyrsteklassingar i minstegruppa Seinare i månaden var leikarringen på sosialtur til Brattvåg og i november deltok dei på sjokoladekappleik i Volda.
Dansarane tar no ein liten pause før dei startar opp igjen etter påske.
Fyrste opptreden i 2024 kan bli sjokoladekappleik som neste år vert arrangert på Romsdalsmuseet i slutten av januar. I så tilfelle blir det og nokre øvingar i januar.
På generasjonsfesten dansa både minstegruppa og storegruppa eigne dansar. I tillegg hadde dei fleire fellesnummer som vart framført med stor iver og engasjement. Både før festen og i pausen var det moglegheiter til kjøp av både kaker og kaffi.
Her dansar leikarringen «Troika».