Lokalnytt

Adventsstund med program og servering fall i smak

Sunnylven sanitetslag har tradisjon for å besøke Sunnylven omsorgssenter med servering fyrste helg i advent. Servering vart det i år også av medlemane, frå venstre Hilde, Ruth, Nina, Gerd og Kari.

Sunnylven sanitetslag si adventsstund på Sunnylven omsorgssenter fyrste laurdag i desember vart god og triveleg for bebuarane. Her vart det både servering og god underhaldning.

Sunnylven saitetslag har tradisjon å lage triveleg samkome for bebuarane på Sunnylven omsorgssenter fyrst i adventstida. Slik vart dt også i år med både god servering og song av Kristin Storstein.

Det var leiar i sanitetslaget Hilde Langlo Brekke som ønska alle vel møtt i daglegstova til samkoma. Ikkje alle bebuarane kunne møte opp denne gongen då det var influense å spore hos enkelte, men servering fekk dei på romma sine.

I daglegstova kom likevel mange, både bebuarar og pårørande. Og før servering av smørbrød og bløtkake, underhelt Kristin Storstein med song.
Varmt var det i den store daglegstova så Kristin kasta like godt jakka før ho stemte i med julesongen «Du grøne glitrande tre».
Og ho heldt fram med Trygve Hoff sin «Lys i mot mørketida», før minikonserten vart avslutta med «Julekveldsvisa» av Alf Prøysen. Mange song med og hadde det triveleg, såg vi.

Kristin Storstein var med under adventsstunda på omsorgssenteret og bidrog med vakker song.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380