Lokalnytt

Flo sjø, men kjøleg og forfriskande Solsnubad

Dårleg ver er inga hindring for eit Solsnubad på Hellesylt. Søndag kom 16 damer og hoppa i sjøen til det spesielle julelauget på badestranda.

Sunnylvsfjorden hadde flo sjø då Solsnubadarane på Hellesylt gjorde seg klare til årets siste sjøbad for i år. På land var det god fyr i bålpanna så her kunne alle få varme seg og innta eit krus julegløgg når dei kom på land.

Temperaturen i sjøen var berre 8.5 grader denne søndagen før jul, fekk vi opplyst av badesjef Asle Ringdal. Men den lave temperaturen til trass så hoppa fyrst 13 damer i sjøen for symjetur frå den ytterste trappa til den nærmast land. Vi trur desse var lokale sjøbadarar, men like etter kom også tre frå Hornindal.

Det vart berre damer som deltok i Solsnubadet på badestranda på Hellesylt i år. Det bør vel bli ei endring på til neste år. For også då blir det Solsnubading på Hellesylt, uansett om veret blir sol, regn, eller snø, kaldt eller varmt.

Arrangøren av Solsnubadinga, den tiande i rekke til no er Hellesylt ungdomslag. Dei serverte gratis gløgg til alle.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380