Lokalnytt

Gjekk renn på Gålå i sprengkulde

Kristine Hjellbakk Hole er Sunnylven IL sin beste langrennsløpar. I helga gjorde ho det godt i Norgescup på Gålå.

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL deltok under Norgescup på Gålå i helga.

I minus 18 – 20 grader vart Norgescup i langrenn arrangert på Gålå i Gudbrandsdalen. Mellom mange deltok Kristine Hjellbakk Hole i renn både laurdag og søndag og gjorde det bra.

Rennet starta fredag med sprint. Her vart Kristine nr. 32, berre 0.5 sek. bak 30.-plassen.
Laurdag var det 10 km. klassisk og her vart sunnylven-løparen nr. 47, Det var 2.32.1 etter vinnaren Hedda Østberg Amundsen, Asker SK.

På søndag gjekk Kristine 10 km. fri og fekk ei enno sterkare plassering. Løpet var også U 23-NM og tida 26.49.6 gav ein 10.-plass i meisterskapen.
Det gav også ein 29. plass av 84 som fullførte 10 km. fri, 2.05.1 etter vinnaren Julie Bjervik Drivenes frå Lommedalen IL

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380