Lokalnytt

Godt besøkt salsmesse

Elevar frå storskulen hadde godt sal på fleire ting. Dei var godt nøgde med årets julemesse.

Salsmessa på Hellesylt 2. desember samla mykje folk. Og salet gjekk bra, spesielt for elevane frå storskulen.

Julemessa på Hellesylt hadde som vanleg eit rikt utval av små og store varer også denne gongen. I tillegg vart det omsett mykje frå kjøkkenavdelinga, både kaffi, kaker og meir.

Under årets julemesse kunne dei mange som kom innom Sunnylven samfunnshus velge mellom fleire ting som var til sals, blomster og juledekorasjonar, nye årskalendarar, diverse matvarer, røykalaks, kaker, godteri og mykje, mykje meir.

Og når handelen var gjort var det berre å finne seg plass i småsalen til ein kaffikopp med noko attåt, og til godt prat med andre.

Julemessa på Hellesylt vart avvikla laurdag før fyrste søndag i advent. Det har blitt tradisjon og eit arrangement der folk møter fram. Slik også i år, då kom det mange innom samfunnshuset dei fem timane salsmessa varte.
Det er Sunnylven bygdekvinnelag som står bak arrangementet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380