Isferd og vind skapte trøbbel
Mykje is i Holedalselva krapa seg opp ved brua på Bjørdal.
Laurdag ei veke før julaftan vart våt og vindfull i Sunnylven. Det førte til både isferd og sterke vindkast.
Mildveret som sette inn laurdag, ei veke før julaftan førte til store elvar og overfløyming av vatn fleire stader. Likevel ikkje så gale at vegar vart stengde.
På Bjørdal i Sunnylvsbygda kom Holedalselva stor med mykje isferd. Det førte til oppdemming ved brua på Bjørdal og flaumvatnet gjekk ut over dyrkamark. Etter ei tid vart det sett inn gravemaskin som fekk løyst opp isproppa i elva, og is og vatnet kunne dermed renne om lag som normalt.
Ein litt dramatisk situasjon løyste seg godt.
Også vinden hadde sine rykkar på ettermiddag laurdag med vindkast opp mot liten storm. Det enda med at deler av ein låvevegg og fleire veggplater bles ut lenger nede i Bygda. Veggplater vart strødd rundt om, men til alt hell gjekk også det bra.