Juleavslutning ved Sunnylven skule.

Ved Sunnylven skule var det juleavslutning måndag 18. desember. Det vart to trivelege timar med program, informasjon, god servering og song og gang kring juletreet.
Det kom mange til juleavslutninga ved Sunnylven skule i år. I storsalen på samfunnshuset fekk alle mykje moro i lag med flinke aktørar på scena.
Lærar Susanne Ringdal leia skuleavslutninga i år. Ho fortalde frå eit aktivt skuleår, både i undervisning og ute på turar i terrenget. Det var ikkje lite elevane hadde vore med på også denne hausten, i tillegg til alle timane i klasseromma.
Susanne kom med mykje god informasjon frå fyrste del av skuleåret under avslutningsfesten til elevane, før det vart opna opp for sceneinnslag.
Fyrst ut var dei yngste klassene med sine trivelege innslag, både med forteljingar og ikkje minst med song. Og dei kunne både synge og levere dansesteg i takt med musikken, det var ei fryd å både sjå og høyre på. Applausen var i alle høve godt etter endt framsyning.
Og meir applaus vart det når elevar frå mellomsteget med sine nisseluer og spesielle antrekk inntok scena. Også ord og uttrykk vart presentert og forklart med underlege tydingar, noko som fekk fram latteren hos publikum.
Også storskulen hadde danse -og songinnslag som var triveleg å sjå. Dei kan synge, elevane på Sunnylven skule. Og dei kan spele sketsj, noko vi fekk dramatisert då ein stakar måtte til legen vi trur det var med tannverk. Utstyret hos legen i kvit frakk var ikkje det mest moderande, men det vart ei praktisk løysing til slutt.
Og etter ei dramatisering av grevinnen og hovmesteren, og litt til var programmet frå scena slutt. Då var mykje av stolane ryddabort og det var klart for gong kring juletreet med song og musikk av elevar og lærarar.
Til slutt fekk så alle servert smørbrød med mykje godt pålegg, kaffi og saft.
Ei gild juleavslutning ved Sunnylven skule også denne gongen, tykte vi.