Julehelsing 2023 frå Storfjordens Venner

Gode medlem og medhjelpar. Storfjordens Venner (StVe) si oppgåve er, og skal vere, å verne- og formidle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap.
Vi føler at vi maktar å følgje opp denne viktige oppgåva, men vi er svært avhengige av medlemsoppslutnad og støtte både frå det offentlege og frå private sponsorar og bedrifter. Ikkje minst er oppslutnaden i form av dugnadsinnsats viktig. Aller tydlegast ser vi dette på Yste Skotet.
Medlemsverving er noko alle kan bidra med. Ta kontakt med personar du trur kan vere interesserte i arbeidet vårt og inviter dei med.
Styret ønskjer med denne julehelsinga å syne fram kva vi har makta å gjennomføre i 2023.
Museumssaka
Dette har diverre blitt ei gjentakande tema i kalenderen i fleire år. Vi skulle ønskje at denne prosessen var til vegs ende, og at han hadde teke ei anna lei. Konklusjonen frå prosesseleiaren som fekk i oppdrag å skape dialog rundt den sokalla konsolideringa konkluderer (oktober) slik:
Dialogprosjektet hadde som mål å samle musea på Sunnmøre til eitt regionmuseum. Men forsøket stranda, og «utanformusea» står framleis utanfor. Dette har skapt ein svært krevjande økonomisk situasjon for mange av dei som står utanfor fordi dei midlane som tidlegare gjekk til alle musea inkl. ‘utanformusea’ no vert kanaliserte til VITI.
Rapporten med tilråding om vidare vegval vil bli lagt fram for endeleg sluttbehandling i desember. Saka vart handsama av Kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen 13.11.2023, og skal vidare til Fylkesutvalet og Fylkestinget. Så langt er prosessen lovande.
Ytste Skotet – vår eigen gard
I 2023 fekk vi i gang att aktiviteten på Ytste Skotet. To unge jenter (Norunn Kjersem og Kajsa Haabet Kleivane) var vertskap under store delar av sommaren. Det vart utplasserte geiter frå Kilsti som fann seg godt til rette med NoFence. Garden hadde ein god del besøk, men det tek tid å innarbeide dette tilbodet no etter at aktiviteten har lege nede eit par år grunna Covid. Det vart gjennomført slåttedugnad med mange tilreisande og studentar frå Høgskulen i Volda.
Det er gjennomført mykje reparasjons- og utbetringsarbeid på garden i 2023. (bru, brannsikring, taklekkasjar, takrenner, taubane m.m.m.), og det er montert solcellepanel for lading av mobilar og småverktøy.
Jubileum 2025
Vi skal feire StVe fyller 50 år i 2025. Det er nemnt opp ein eigen komité som skal arbeide med å legge til rette for dette, og her har vi fått med ein god miks av personar med lang og god historisk ballast saman med yngre, entusiastsiske medlemmer. Det er for tidleg å utdjupe noko meir om korleis feiringa vil bli gjennomført utover at dette skal både markerast og merkast i området, truleg på fleire måtar gjennom heile jubileumsåret.
Strandsitjar-monumentet
Etter planen og avtale med kunstnaren Ola Stavseng skal monumentet vere ferdig i 2024. Dette verkar no å vere urealistisk av fleire årsaker, m.a. Covid som medførte ekstraarbeid. Målet er no at monument skal vere ferdig til 2025 når Storfjordens Venner rundar 50 år. Helge Søvik er oppnemnd som leiar for monument-gruppa.
Formidlingsaktivitetar
Storfjordstemnet|
I 2023 vart Storfjordstemnet arrangert i Osvika med godt frammøte.
Storfjordens Venner har fått komponert ein eigen Storfjordfanfare. Han vart framført av Trond Otto Berg som velkomst. Varaordførar i Fjord – Viktor Valldal – helsa velkomen og heidra innsatsen til StVe. Tidlegare ordførar Arne Sandnes kåserte over sjølvvalt tema, og trekte opp både det lokale og det globale perspektivet i det arbeidet StVe utfører. Reidun Smogeli Helsem framførte to historier skrivne av Liv Randi Bjørlykke. Vertskapet representert ved Erlend Osvik Brekke tok eit attersyn over gards- og slektshistoria for gardane i Osvika. Valldal Hornmusikklag stilte med heile 10 musikantar med både store og mindre instrument og eit smittande humør. Inge Bjørdal heldt ein oversikt over utført arbeid i regi av foreininga i 2022.
Hilde Straumsheim vart utnemnd som æresmedlem for den store innsatsen ho har lagt ned for organisasjonen, spesielt som vertskap på Ytste Skotet.
Storfjord-kalenderen
Dette produktet er etter kvart blitt kjent og etterspurt langt ut over nedslagsfeltet til StVe. Vi har diverre ikkje økonomi til å sende han til medlemmene, men han vert distribuert i butikkar, på hotell og andre gode medhjelparar i vid omkrins. Tidlegare styreleiar Asgeir Kvernberg held ei stødig hand på arbeidet og syter for interessant og godt kvalitetssikra stoff som mange les med stor interesse. Dette er ikkje berre ein kalender, men ei framifrå kjelde til lokalhistorie som svært mange ventar på før jul, både for eigen del og som ei flott julegåve. Du kan kjøpe kalenderen ved å sende e-post/ringe til dagleg leiar.
Gardane langs Storfjorden – filmopptak med Sunnmøre Live
Programma som er sende til no, har fått overveldande god mottaking. Serien representerer historisk viktige opptak. Fram til no har vi vore heldige å få med folk som kan fortelje korleis dei sjølve opplevde å vekse opp på dei stadane Storfjordens Venner har teke mål av seg til å formidle kunnskap om til etterslekta. Men tidsvitna vert færre og færre. Difor er TV-serien Gardane langs Storfjorden så viktig som historisk og autentisk dokumentasjon på denne unike arven.
Storfjordens Venner klarte også denne sesongen til slutt å skaffe nok sponsormidlar til å gjennomføre enno ein ny sesong av desse opptaka. Vi fekk støtte både frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre, Hofseth AS og
Kulturminnefondet.
I 2023 er det laga opptak frå følgjande gardar: Holmebygda, Skrenakken, Horvadrag, Syltevika, Vidhammar og Osvika.
Serien er blitt svært ettertrakta og TV-selskapet får førespurnader om løyve til å bruke opptaka også frå andre delar av landet. Du kan sjå alle programma på nettet på Sunnmøre LIVE (https://slive.no/category/program/serier/storfjordens-venner ) eller på tv (Altibox).
Føredrag
- Kjell O. Løseth: Kåseri for ca. 80 pensjonistar (legar og jordmødrer) ved Ålesund sjukehus om StVe og arbeidet vi gjer.
- Asgeir Kvernberg: Føredrag for ei gruppe på Vartdal i oktober. Mange nye medlemmer.
- Odd N. Hoff: Føredrag om historia til StVe pensjonistlaget på Hareid.
- Odd N. Hoff: Føredrag om historia til StVe for Lions på Stranda. Avlyst av Lions.
Planlagde prosjekt i 2024
(1) Furneset, sjøvegen, (2) Ytste Smoge, skifertak, piper på stovehus, ystarhus, (3) Djupdalen, sjøvegen, (4) Homlongsætra, seltak, (5) Beithoggnaustet på Ljøen.
Takk!
Det er mange som på ulike vis yter mykje til Storfjordens Venner og som fortener stor takk for dette. Takk til næringslivet som har kjøpt annonsar i Storfjordkalenderen 2023 eller støttar foreininga på andre måtar, t.d. med vinstar under Storfjordstemnet og gode tilbod til innkjøp i samband med vedlikehald av Ytste Skotet. Takk også til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for godt samarbeid, og takk til alle andre som stiller opp på dugnadar for å hjelpe foreininga med drifta av Ytste Skotet. Takk til Sparebanken Møre, Hofseth AS, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturminnefondet som alle har støtta TV-serien om Gardane langs Storfjorden 2023.
Sist, men ikkje minst – takk til alle medlemmene våre som medverkar i form av økonomi og engasjement som gjer at vi i år etter år maktar å ta på oss nye løft for kulturarven vår.
God jul og fredfylt nytt år!
Storfjordens Venner,
Inge Bjørdal – styreleiar –