Julekonsert i gamleskulen femte juledag.
Både korona og anna har gjort at det har gått fire år sidan sist det var julekonsert i gamleskulen på Hellesylt. Denne jula er det klart for ny konsert femte juledag.
Før juleveka er omme blir det konsert i gamleskulen på Hellesylt med musikarane Olav Elling Gausdal strengeinstrument og song, Bjarne Sjåstad orgel, Jostein Ringdal slagverk, og vokalist Oddbjørg Stadheim.
For fire år sidan inviterte lokale musikarar og styret for gamleskulen til konsert i den gamle skulestova på Hellesylt. På same stad og nesten dei same musikarane stiller på til ny konsert femte juledag i år.
Mange kom i 2019, det var heilt fullt i skulestova frå 1897, og publikum hadde ein triveleg kveld med det dei lokale musikarane serverte. Det vart fleire julesongar og meir, og publikum sang med i det dei kunne. Ein triveleg juledags kveld som musikarar og styret for gamleskulen ønskjer å gjere på nytt.
Femte juledag, eller 29. desember klokka 18.00 blir det ny julekonsert i gamleskulen. Olav Elling Gausdal seier at det blir ein god time med konsert, og han lovar eit repertoaret av både julesongar og anna populærmusikk.
Det blir kaffi og meir i pausen under konserten, og billett er sett til kr. 100.-