Julekonsert som kveikte julestemninga

Sunnylven kyrkje var godt fylt opp då song -og musikkrefter frå bygda inviterte til årets julekonsert søndag. Ei vakker kveldsstund som kveikte den gode julestemninga.
Ei veke før julaftan var det julekonsert i Sunnylven kyrkje. Gode song og musikkrefter stilte opp og gav dei mange frammøtte ei god og vakker kveldsstund.
Sjølv om veret ikkje var det beste kom mange til julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 17. desember. Her fekk dei høyre at bygda har mange gode song og musikkutøvarar å by på, både unge og eldre.
I over halvannan time tona det ut vakker musikk, ikkje berre juleinspirert, men også av andre komponistar med sans for vakre tonar. Og dei lokale utøvarane gjorde det heile til ei minnerik stund som vil bli huska lenge.
Fyrst ut i konserten var som vanleg Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg. Det unge korpset var litt juleforsterka denne gongen og sette julestemninga til fulle.
Dei unge musikarane framførte fem melodiar som svinga slik det alltid gjer frå det gode korpset. Opningsmelodien Heig-ho, samansett av fleire var av det nye, då var Tre nøtter til Askepott, Sonjas song til julestjernen, og The Lord is my Shepherd meir kjente.
Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg avslutta ei flott opning av konserten med melodien Sleigh Ride til stor og velfortent applaus frå publikum.
Som alltid vart det også allsong under julekonserten i Sunnylven kyrkje. Med organist Gunnar Inge Eide ved kyrkjeorgelet song den store forsamlinga julesongen Det lyser i stille grender, før det kom fleire vakre tonar frå orgel og fiolinar.
Det sytte Tonje Støverstein og Synnøve Hjellbakk Hole for som spela No koma Guds englar, og Eit barn er født i Betlehem, ein vakker versjon med tone frå Vigra.
Vakkert vart det også frå «gjestesolist» Otilie. Den unge jenta frå Stranda med nære band til dirigenten for korpset song så vakkert i melodien Walking in the air, med tonefølgje på piano av Gunnar Inge Eide. Vakkert, vakkert frå den unge jenta som vi trur får ei stor framtid som solist.
At ungdom kan både synge og spele fekk forsamlinga nye bevis på når kulturskulen stilte mannsterke opp. Unge Kristen Ringdal er ein enterteiner med gitaren og stødig framførte han Tenn eit lite lys.
Deretter kom ein ny julesong, Det kimer nå til julefest, der fleire elevar var med på instrument.
Dette var eitt av dei gilde høgdepunkta,
eit nytt fekk vi i samsong med Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein i songen Do you hear what I hear. Svært vakket utan å ta for mykje i.
Og meir vart det fråd dei to og koret Fryd.
Fryd opna med Do, tell it on the mountain, og med to unge, Marta og Olivia som solistar. Deretter fekk forsamlinga høyre Det kimer nå til julefest, Time for peace, og Den vakreste julen. Nokre av dei med Oddbjørg og Kristin som gode solistar.
Den gode julekonserten med mange deltakarar og eit variert musikalsk innhald vart avslutta med melodien O helga natt, solist Trond Otto Berg og med Gunnar Inge Eide ved kyrkjeorgelet. Eit nytt, flott innslag på ein vakker julekonsert.
Og med den talrike forsamlinga i songen Deilig er jorden var årets julekonsert over.
Til aller sist fekk alle gode ord, blomar og takk frå leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad for ein ny, god julekonsert. Dei gode orda trur vi mange slutta seg til.
Gjesteartist under julekonserten var Otilie frå Stranda som song Walking i the air. Ved pianoet Gunnar Inge Eide.