Julequiz i Tronstad grendahus.
To dagar før er det fullset på quiz i Tronstad grendahus torsdag 28. desember, 4. juledag.
Det blir ikkje skodespel med HUL denne romjula, men Tronstad grendalag arrangerer julequiz same dag med fullsett grendahus. Det kan bli ei flott erstating for skodespel og juledans i Sunnylven samfunnshus.
Frå arrangøren har vi fått melding om at alle bord med inntil 6 personar pr. lag er tinga. Quiz-master denne gongen er sunnylvingen, journalist, politikar og elles altmoglegmann Arild Ringdal.
Det ligg ann til trivelege timar i Tronstad grendahus frå klokka 18.00 torsdag 4. juledag då dørene opnar. Quiz-en starter klokka 19.00, og frå klokka 22.00 er det dans i grendahuset til variert musikk.