Julequiz på Tronstad 4. juledag.
På Hellesylt blir det ikkje skodespel denne jula. I staden blir det julequiz i Tronstad grendahus 4. juledag. Det er Tronstad grendalag og quiz-master Arild Ringdal som inviterer til romjuls-treff.
Tronstad grendalag har tidlegare hatt suksess med quiz-arrangement med fullt hus og vel så det. Kanskje blir det like folkerikt i grendahuset også denne gongen.
Dørene inn til storstova på Tronstad opnar klokka 18.00. Då er det open pub, ein time før kunnskapstesten startar. Det kan vere med inntil seks personar på kvart lag, skriv arrangøren.
Quiz-master er hyra inn og det blir den utflytte sunnylvingen, tidlegare fotballspelar, no journalist og politikar Arild Ringdal. Så då skulle leiinga av jule-Quizen vere i trygge hender, vil vi tru.
Alle som vil delta på kunnskapstesten på Tronstad grendahus 4. juledag må melde seg innan tysdag 26 desember, (andre juledag.)
Ring Geir Støverstein for påmelding, tlf. 411 46 947.
Etter at Jule-Quiz`n er ferdig, blir det 80 / 90 talls musikk frå klokka 22.00, opplyser arrangøren Tronstad grendalag.