LokalnyttUkategorisert

Juletreff på gamleskulen

Bjarne Sjåstad sytte for tonane til alle julesongane

Mange kom til juletreff på gamleskulen på Hellesylt laurdag 9. desember. Der var sal av lodd, kaffi og kaker, og ein fin konsert julesongar.

Knappe 40 unge og eldre kom til juletreffet på gamleskulen på Hellesylt andre laurdag i desember. Sjølv om veret var kjøleg med mange kuldegrader ute hadde alle det godt og varmt i skulestova med god fyr i vedovnen.

Som vanleg var det mange lodd og fine gevinstar i vinne også i år. Loddsalet gjekk godt og gevinstane likeså. Før juletreffet var over var alle borte.
Også kaffi og kaker gjekk unna, og praten var god. God stemning vart det også då Bjarne kom og sessa seg ved orgelet klar for å spele til julesongar. Slik har tradisjonen blitt på gamleskulen dei siste åra under førjulstreffet, og ein fin tradisjon som bør halde fram.
Det gamle trøorgelet har reine tonar enno og organisten meistra det godt.
Det vart fem julesongar, og forsamlinga, som var på det meste då song med. Fyrst «Det lyser i stille grender», så kom «Deilig er jorden», og etterpå vart det «Eg er så glad kvar julekveld», «Glade jul», og «En krybbe var vuggen».

Julekonsert i gamleskulen

Juletreffet på gamleskulen var vellukka. Seinare 5. juledag blir dørene opna på nytt, for då er det konsert, aller mest med julesongar i den gamle skulestova. Dit kjem musikarane Bjarne, Olav Elling, Jostein og vokalist Oddbjørg. Dei spelar og syng, og publikum skal sjølvsagt synge med. Ein liknande julekonsert vart halden i gamleskulen for nokre år tilbake og var ein suksess.
Kom til julekonsert i gamleskulen på Hellesylt laurdag 30. desember klokka 18.00, er oppmodinga frå arrangøren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380