Lokalnytt

Juleverkstad ved Sunnylven skule.

Lucia-koret bestod av elevar frå fyrste og andre klasse.

 På Lucia-dagen 13. desember var det klart for juleverkstad ved Sunnylven skule. Tradisjon tru var sanitetslaget på plass og serverte påsmurde brødskiver og varm kakao til ivrige elevar.

Sunnylven skule har flinke elevar med kreative evner. Det viste dei prov på under årets juleverkstad. Lærarane ved skulen fekk og hjelp av nokre foreldre denne dagen.

I matpausen var alle samla i den minste salen i samfunnshuset. Her kom Lucia-toget, elevar frå fyrste og andre klasse med ljos i hendene og song om Lucia og delte ut lussekattar som niande klassa hadde baka.

Elevane kunne velge mellom seks postar og hadde ein aktivitet før og ein etter lunsj. I år kunne elevane velge mellom krans, baking, sløyd, tre av kvistar, lyslykter og gryteklutar.

Her vart mykje fint å ta med heim til jul. Kanskje vart det laga ei og anna julegåve også så det meste av produksjonen frå juleverkstaden får vere hemmeleg.

Sløyd var ein av aktivitetane elevane kunne velge.

Lyslykter var ein populær aktivitet.

Produksjon av kransar.

Tre av kvistar.
Gryteklutar blir nok ei populær julegåve.
Julebaksten smakte kjempegodt.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info